Fordypningsseminar i Bergen januar 2020 - en oppsummering

FORDJUPNINGSSEMINAR I BASAL KROPPSKJENNSKAP - BERGEN 2020

Fredag 31.januar – laurdag 1. februar arrangerte NIBK eit to dagars fordjupningsseminar i Basal kroppskjennskap.  Me var 7 fysioterapeutar som deltok, i tillegg til 2 kursleiarar, Anne Marie Böhme Hetlevik og Aarid Olsen. Seminaret vart heldt i Strandgaten fysioterapi sine lokaler sentralt i Bergen.

Tema for seminaret var: «Aktivitet i senter – ein ressurs for bevegelseskvalitet og tilstedeværelse». Det var 2 heile dagar frå kl. 08.00-16.00 begge dagar. Timeplanen som vart sendt ut i førekant viste at mesteparten av tida var satt av til praktisk arbeid. Kvar morgon byrja med Sitting og Kin Hin (gåande meditasjon) med vegleiing. Deretter fekk me fordjupa oss med 2 timar samanhengande praktiske bevegelsar liggande, sitjande, ståande og gåande. Deretter hadde me ½ times refleksjon. Etter lunsj fekk me ta del i kva forskning som har blitt gjort på Basal kroppskjennskap. Me gjekk gjennom dei 20 publikasjonane som har blitt offentleggjort siste 5 år. Etter teori-delen hadde me den eine dagen ny bevegelsespraksis, med fokus på observasjon og guiding, etterfulgt av kva me kan gjera ved mangel på tonus, mykje spenning eller ltie kontakt. Den andre dagen diskuterte me kliniske erfaringar og problemstillingar i praksis. Begge dagane vart avslutta med BK praksis og kobling til Tai Chi, samt refleksjon og evaluering siste dag.

For oss som deltok på seminaret var desse to dagane av veldig stor betydning på veldig mange måtar.  For å halda motivasjonen oppe som instruktør av Basal Kroppskjennskap, er det alltid veldig godt å bli instruert sjølv, og erfara i eigen kropp. Me var mange som fekk augene enno meir opp av betydninga av å jobba med senter ved meir perifere eigne plager. Denne eigenerfaringa stimulerer motivasjonen vår til å halda fram dette viktige arbeidet for våre klientar og kursdeltakarar. Ikkje minst er det alltid kjekt å møta kollegaer som jobbar med Basal Kroppskjennskap for å diskutera faget og utveksla arbeidet. Det var òg veldig interessant å få informasjon om det viktige arbeidet som har blitt gjort innan forskninga dei siste åra. Publikasjonane viste til at Basal Kroppskjennskap har stor betydning og effekt over eit stort fagfelt: bl.a. artrose, nakke-ryggsmerter, overspising, PTSD, hodepine, depresjon for å nevna noko.

I år var det faktisk 10 år sidan forrige BK-seminar var arrangert i Bergen. Me som deltok håpar på at det ikkje vert like lenge til neste gong. Det hadde vore veldig flott om det  vert satt opp liknande seminar ein gong i året. Formen på seminaret gjer at det er lett å delta; ein treng berre ein dag fri frå jobb, og ein har fortsatt ein dag i helga fri etterpå. Me ser det som svært viktig for fagfellesskapet at slike møtepunkt finst. Det er viktig for å halda motivasjonen oppe, og stimulera fagmiljøet. Både for vår eigen del, men òg for å kunna vera gode ambassadørar for Basal Kroppskjennskap.

Helsing frå deltakar Ruth Fjose Steinstø

Utskrift E-post

Hvorfor har ingen lært meg disse enkle og nyttige bevegelsesprinsippene før? Det jeg har lært på disse få timene med BK, har jeg med meg i dagliglivet fra jeg står opp til jeg legger meg

Om NIBK

Basal kroppskjennskap er en fysioterapimetode som har vært godkjent i nærmere 30 år. Det er en arbeidsform som retter seg både mot forebyggende-, helsefremmende og klinisk virksomhet i fysioterapi.

Logg inn